Ei hjelpande hand frå FAU ved Grasdal skule. Du treng ikkje vere ekspert. Du treng berre meine noko — og sende det inn.
Kommunedirektøren har føreslått ni strukturtiltak i oppvekstsektoren. To av dei gjeld oss.
| Tiltak 5 | Avvikle skuledrifta ved Grasdal skule og flytte elevane til Knarvik barneskule. Berekna innsparing 6,5 årsverk, netto om lag 4,9 millionar kroner i året. Berekna reisetid heim–skule: 25–55 minutt. |
|---|---|
| Tiltak 6 | Flytte elevane som bur på Flatøy frå Sagstad skule til Knarvik barneskule. Om lag 40 elevar. |
| Tiltak 21 | Eit alternativ som er utgreidd, men ikkje tilrådd: flytte elevane til Sagstad skule i staden. Dette krev tilbygg til om lag 50 millionar kroner. |
I tillegg blir krinsgrensene føreslått endra, slik at elevane frå Grasdal går frå Meland ungdomsskulekrins til Knarvik ungdomsskulekrins.
| Høyring | 19. mai – 30. september 2026 |
|---|---|
| Dialogmøte | Tysdag 8. september, Frekhaug folkehøgskule |
| Vedtak | Kommunestyret 26. november 2026 |
| Iverksetjing | Frå august 2027 |
Statsforvaltaren i Vestland svarte oss 12. juni 2026 at dei ikkje kan gjere lovlegkontroll av saka før det ligg føre eit endeleg vedtak. Høyringa er difor den viktigaste kanalen vi har for å påverke saka før avgjerda blir teken.
Skrivestover er ikkje fastsette enno. Følg med på Facebook-sida Bevar Grasdal skule.
Fem setningar er eit fullgodt høyringssvar. Det blir lese, registrert og teke med vidare på same måte som eit langt eitt.
Du treng ikkje skrive om alt. Dei fleste gode høyringssvar tek føre seg to eller tre ting. Finn deg sjølv i lista, så veit du kva kapittel som er dine.
Kryss av for argumenta som treffer deg. Nedst på sida kan du hente ut dei du har valt som ei huskeliste — som du så skriv om med dine eigne ord.
Barna på Grasdal går i dag på ein skule med korte avstandar, eit oversiktleg miljø og ein barnehage vegg i vegg. Kommunen føreslår no å flytte dei til Knarvik barneskule.
Tiltaket vil isolert sett ikkje vere til barnets beste … den samla positive økonomiske effekten tiltaka får må vege tyngre enn omsynet til kva som vil vere barnets beste.Alver kommune, saksframlegget
Når kommunen sjølv slår fast dette, er det rimeleg å krevje at dei økonomiske berekningane som skal vege tyngre, er grundige og etterprøvbare.
Elevar har rett til å gå på ein skule i nærmiljøet sitt. Det spesielle her er at kommunen skriv det sjølv:
Austebygda soknar til Frekhaug lokalsenter. Mange av borna i bygda er sterkt knytt til borna på Sagstad skule i form av mellom anna felles idrettslag, korps og kulturskule.Alver kommune, hovuddokumentet s. 49
I dag kan dei fleste elevane gå eller sykle til skulen. Norconsult vurderer skulevegen som trygg og skriv at «dei fleste elevane kan gå eller sykle til skulen». I saksframlegget står det at etter ei nedlegging må alle elevane ta buss.
Grasdal skule er meir enn eit skulebygg. Skulen har integrert idrettshall, og gymsalen på 330 kvadratmeter med scene er det rommet i bygda som er mest utlånt. Ved sida av ligg barnehagen, bedehuset og ein fritidspark med ballbinge, frisbeegolf, BMX- og skøytebane. Til saman er dette sentrum i Austebygda.
I over 15 år har bustadbygginga i Austebygda vore bremsa av rekkjefølgjekrav om trygg skuleveg. Den vegen er no under bygging: Fv. 5310 Fosse–Moldekleiv med gang- og sykkelveg hadde byggjestart i april 2026 og står ferdig hausten 2028. Framlegget om å leggje ned skulen kjem altså akkurat i det flaskehalsen endeleg blir opna.
Det er planlagt fleire utbyggingsprosjekt i området, og det er optimisme i forhold til auka folkevekst. Dersom skulen blir lagt ned, kan dette svekke vidare folkevekst i krinsen.Alver kommune, hovuddokumentet
Grasdal skule blei bygd i 1986, påbygd i 1996 og fekk ei større ombygging og eit nytt påbygg i 2017, då også ventilasjonsanlegget blei oppgradert. Norconsult skriv i kommunen sitt eige kunnskapsgrunnlag at «Seim, Sæbø og Grasdal skårar jamt bra, og har fleire gode kvalitetar».
Tiltak 5 er berekna å gi ein netto effekt på om lag 4,9 millionar kroner i året — om lag ein femtedel av den samla effekten i heile planen. Samstundes er det ikkje mogleg for innbyggjarane å kontrollere korleis det talet er rekna ut: då FAU bad om innsyn i reknearka bak tiltak 5, blei kravet avslått etter offentleglova § 14.
Vedlegg 1 om barnets beste blei oppdatert 13. mai 2026 fordi kommunen «oppdaga feil i kjeldelistene». To avsnitt blei fjerna — Nyare forsking om kva for påverknad skulestrukturendringar har på elevar og Store eller små skular? Det var nettopp desse avsnitta som utgjorde det faglege belegget for korleis skulestorleik verkar inn på elevane.
Send til:
post@alver.kommune.noDu kan òg sende med post til Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug. Merk brevet «Høyringssvar på SAK 2026/137».
Står du fast? Send e-post til FAU Grasdal på faugrasdal@outlook.com, eller spør på Facebook-sida Bevar Grasdal skule.
Det er lett å tenkje at eitt høyringssvar ikkje betyr så mykje. Men alle høyringssvar blir lesne, registrerte og tekne med vidare. Når mange menneske deler erfaringane og bekymringane sine, gir det politikarane eit betre grunnlag for å forstå kva avgjerda faktisk inneber.
Vi i FAU ved Grasdal skule ønskjer ikkje perfekte høyringssvar. Vi ønskjer mange høyringssvar.
Grasdal skule er meir enn eit bygg. For mange handlar saka om oppvekst, tilhøyrsle, nærmiljø og framtidstru. Nettopp difor er det viktig at avgjerda blir teken på eit best mogleg grunnlag.
Tusen takk for at du engasjerer deg.
Skriv dei om med dine eigne ord. Dersom mange sender inn identiske svar, tel dei mindre enn om kvart svar er personleg. Bruk lista som stikkord, ikkje som ferdig tekst — og legg til noko om din eigen kvardag.